Hei! Eg heiter Katarina. Eg er songlærar. Eg brenn for å hjelpe folk sprenge grenser med stemma og synge som dei alltid har hatt lyst til, men kanskje ikkje trudde dei kunne.
Alle som vil lære å synge, kan lære å synge:
Alle som vil lære å synge, kan lære å synge. Dei treng berre dei rette verktøya, og litt øving. Eg likar menneskje og songarar som støttar kvarandre. Eg trur på positiv pedagogikk og å byggje folk opp. Det vil ikkje seie at eg ikkje er ærleg når eg underviser, eller glattar over ting. Men eg veit at vi får raskast resultat når vi har eit positivt fokus på kva som kan gjerast betre. Det skal jo vere gøy å synge!
Mi historie med song:
Då eg var 17 ville eg lære å synge, sterkt inspirert av blant andre folkrock-bandet Gåte.
Eg byrja å ta songtimar med Frøydis, ein kjempekul, pensjonert operasongar. Det var utruleg gøy! Men eg kjente at eg ville meir. Eg drøymde om å kunne synge røft, i tillegg til mjukt og pent.
Distortion og growling
Eg ville jo synge alt mogleg! Men eg hadde inga aning om korleis eg skulle få det til. Frøydis budde jo i nabolaget mitt, men det var ikkje like lett å finne nokon som kunne lære meg distortion og growling.
Eg prøvde å lære frå dei som kunne det på youtube. Men kvar gong eg prøvde å kopiere dei, så kom eg ikkje i nærleiken ein gong, og kjente at det snørte seg i halsen.
Det heile verka uoppnåeleg, og eg var redd for at eg aldri ville lære det.
Songteknikk
Det gjekk nokre år, men plutseleg oppdaga eg eit institutt som kunne hjelpe meg!
Det var som om nokon hadde skrudd på lyset sånn at eg kunne sjå stega eg måtte ta i staden for å famle aleine i myrkret.
Framgangen var enorm, og gjorde at eg kan skru av og på distortion, byte mellom clean song og growling, sånn at eg kan uttrykke musikalsk nøyaktig som eg vil når eg skriv eigne songar.
Complete Vocal Technique
Eg studerte ved Complete Vocal Institute i København i 5 år, byrja å gje songtimar i 2016 og vart autorisert CVT-lærar 2018.
No brenn eg for å hjelpe alle, spesielt metalheads, med å nå songmåla sine, sånn at dei kan synge, growle eller screame akkurat som dei vil.
Og gå frå å sitje fast, ha ein sound dei ikkje diggar og vond hals, til å kunne veksle mellom å synge mjukt, sterkt, med eller utan distortion og growling akkurat som dei vil, utan å skade stemma.
Sånn at dei kan ha fridomen til å growle yndlingslåta si heime eller på karaokekveld, og stå på scena og synge med eiget band
Har du lyst til å sjå og høyre meir om song og ekstremvokal, så lik meg på facebook.