Eg heiter Katarina og er songlærar. Eg underviser på Øvingshotellet, sentralt på Grünerløkka i Oslo.
Eg brenn for å hjelpe deg å synge som du drøymer om, og ikkje trudde du skulle få til. Dei fleste vert overraska over resultata og det dei kan få til med stemma etter berre nokre få songtimar. Sjå kva andre seier etter songtimar her.
Undervisninga vert tilpassa og skreddersydd deg, og dine ynskjer. Eg har til saman fem års utdanning i songteknikk ved Complete Vocal Institute i København, to år som songar og tre år som songlærar. Meir om det her.
Noko av det beste med CVT, den metoden eg har bakgrunn i, er at han inneheld teknikkar for alle stilar, så du får undervisning i akkurat det du har lyst til anten det er pop, klassisk, jazz, rnb, folkemusikk og musikalar, rock og metall, eller noko heilt anna.
Alle som vil lære å synge, kan lære å synge. Du kan kome til meg om du er heilt nybyrjar, profesjonell songar eller ein stad i mellom. Lær å bruke stemma di til det fulle, slik at du kan uttrykke deg fritt med song.
Å kunne synge fritt
Songfridom er å kunne føle deg fri når du syng; å kunne synge favorittsongen din sånn som du har drøymt om å synge han, utan at noko gjer vondt i halsen, samstundes som du diggar stemma di. Dette oppnår du ved å byggje ein solid teknikk, sånn at du gradvis utvidar den vokale komfortsonen din, når måla dine og kan uttrykke deg fritt med song.
Kven som kan synge med meg:
Songarar på alle nivå kan ta timar med meg, om du er nybyrjar, har sunge lenge eller er profesjonell songar. I tillegg så er songarar frå alle sjangrar velkomne til meg, anten du vil synge pop, jazz, rnb, rock, metall, klassisk, musikalsongar eller noko heilt anna. Metoden eg underviser i, heiter Complete Vocal Technique (CVT), eller Komplett Songteknikk på norsk, og er sjangernøytral. Det vil seie at han har som mål å dekke teknikkar for alle lydar menneskjestemma kan lage, og dermed kan brukast til alle sjangrar.
Du vel kva og korleis du skal synge:
Det er du som vel kva du vil jobbe med kvar time. Tenk litt over kva du vil lære og ta med ein song og eit positivt musikalsk ynskje. Det kan vere å nå dei høge eller låge tonane, synge som ein viss songar du likar, få meir/mindre volum eller å synge røffare eller mjukare utan å få vondt eller verte hås for å nemne nokre få døme.
Det er din smak som er viktig, ikkje min eller nokon andre sin, så tenk over korleis du ynskjer å synge. Det er ei stor verd av stilar og lydar du kan plukke frå. Du vel målet, og eg hjelper deg å kome dit.
Ta med deg ein song:
Eg vil tilråde deg å ta med ein song du har lyst til å synge, det gjer at timen vert musikalsk og er ofte meir gøy enn berre å jobbe med tekniske øvingar utan å ha ein song å kome attende til.
Det er lurt å kunne melodien på låta, men du treng ikkje å kunne teksten utanåt. Ta gjerne med teksten på eit ark, sjølv om du kan han, for det er ofte kjekt å ha det på papir når vi jobbar.
Slik er ein songtime med meg:
Timen føregår sånn at vi byrjar med å snakke om kva du vil oppnå (det positive musikalske ynskjet ditt), deretter syng du heile eller delar av songen. Eg lyttar og ser etter måtar eg kan hjelpe deg å nå målet ditt på medan du syng. Vi byrjar å jobbe, ofte forenklar vi den vanskelege delen av songen, kanskje jobbar vi med tekniske øvingar, men målet er å inkorporere teknikken i songen, slik at du nailer den (tidlegare) vanskelege delen. Så vil vi som oftast kome attende til songen i laupet av timen. Kvar time er sjølvsagt forskjellig, men dette er den generelle gangen i songtimane. Eg tilpassar og skreddarsyr undervisninga til deg, det er jo difor du tek ein-til-ein timar; for at det skal vere fokus på deg.
Praktisk info:
Eg underviser på Øvingshotellet, i Oslo. Det ligg på Grünerløkka, i Trondheimsveien 2. Næraste buss- og trikkestopp er Schous plass og Heimdalsgata. Ta gjerne med ei flaske vatn. Når du kjem kan du berre ta heisen opp til fjerde etasje, så møter eg deg på gangen.
Du bestemmer kor ofte du vil ha songtime, men å møtast jamnleg over tid er det som gjev raskast og best resultat, særleg om du rekk å øve litt heime også. ; )
Prisar:
Pris for 1 time på 45 minutt 2.000 kr
Pris for pakke på 5 timar 8.000 (20% rabatt, 1.600 kr per time)
Avtingingsreglar:
Om du veit at du ikkje kan kome på ein avtalt time, så er det fint om du flyttar timen så raskt som mogleg.
Fristen for å avbestille eller flytte timen er 2 verkedagar (48 timar) før oppsett time.
Må du avbestille etter fristen, må eg ta betalt for timen.
Velkomen til songtimar!